Podcast charts
Published by Suldal kommune
Historiar frå tilsette i Suldal kommune.
On the charts
Every published chart this podcast appears in, in the snapshot behind this page. Each one links to the chart it came off.
From the feed
The latest episodes published to this podcast’s own RSS feed. Titles and descriptions are the publisher’s.
Korleis er det å flytta heim igjen? Kva skal til for at fleire flyttar til Suldal? Og kva er det eigentleg å finna på uti grendene? Me har snakka med Anna og Magnhild om korleis deira oppleving har vore etter å flytta heim att til Suldal. Dei har begge studert og jobba vekke, og fortel om kva som er godt med å flytte heim att, og kva som kunne vore betre. I påsken, under messa RyRekrutt, var Magnhild utegåande reporter og kom i prat med fleire Ryfylkeungdommar. Her var dei mange ulike meiningar om det å flytte til distriktet.
Kraftlaget er tilbake med ny episode! Denne gongen møter me Tone Mari Sand og Åshild Vetrhus frå prosjektgruppa for Syngande kommune i Suldal. Dei neste åra skal dei arbeida for å ta allsongen tilbake i kommunen, med eit mål om at fleire skal våga å bruka stemmen dei har. For det skjer noko med oss når me syng saman. Song har til alle tider samla oss – i glede, sorg og kamp. Men har me vorte for vane med å bli underhaldne, i staden for å delta sjølve? Har me mista litt av songen som bur i kvar enkelt av oss?
I denne episoden møter me Eir Seljen Høydal, reisande musikklærar i Suldal. Eir brenn for kultur på ein jordnær, men samtidig energisk måte. Kultur opnar opp for sider i oss som ikkje nødvendigvis andre ting gjer på same måte, seier ho. Dette er ein samtale om fellesskap, kva kulturelle opplevingar gjer med oss, og det å skapa rom for nye uttrykk, saman og åleine.
Er du nysgjerrig på kva det eigentleg vil seia å vere einingsleiar ved ein heilt ny og moderne sjukeheim? I denne korte podkastepisoden får du eit innblikk i både rolla, kvardagen og moglegheitene som ventar hos oss i Suldal kommune. Me skal rekruttera ein ny einingsleiar til Suldal sjukeheim. I studio møter du: Svein Carlos Gjil, kommunalsjef for helse og oppvekst – om leiarskap og vidare utvikling. Elin Mikkelsen Bakka, rådgjevar og del av byggeprosjektet – som tek deg med inn i historia bak det nye sjukeheimsbygget som stod klart i mai 2025. Lisebeth Gjøse, konsulent og fagperson på velferdsteknologi – som forklarer korleis sjukeheimen er rigga med smarte, trygge og framtidsretta teknologiløysingar som støttar omsorga og gjer arbeidskvardagen enklare. Episoden er perfekt for deg som vurderer å søkje, eller som berre vil få eit innblikk inn i tankane rundt Suldal sjukeheim.
Kva skal til for at dei tilsette i Suldal kommune kjenner seg sett, høyrt og verdsett – i kvardagen, i endringar og når ting er krevjande? I denne episoden møter me tre som kjenner arbeidskvardagen frå innsida, og som står tett på både tilsette og leiarar: Anne Tove Lillehammer, hovudtillitsvald for Fagforbundet Lise Renate Tistel, hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet Kirsti Skogen, hovudverneombod
Kva skjer når ein leiar vågar å vise både styrke og sårbarheit? I denne episoden av Kraftlaget møter me Anne Birkeland, leiar i Nav Suldal. Ho snakkar ærleg om leiarskap, psykologisk tryggleik, og om korleis det å skape rom for feil faktisk byggjer både læring og lojalitet. Me snakkar om kvardagen slik den eigentleg er: dei dagane du ikkje har dagen, om å stille opp for kvarandre, og om kvifor det å ha ein jobb å gå til betyr mykje meir enn berre lønn.
Sommaren har kome til Kraftlaget! I denne episoden av Kraftlaget har me slått oss laus med ekte sumarstemning – og du er invitert med! Me har vore på Sumarvibbar, sommarfesten for sommervikarar og lærlingar, og fått gode samtalar med: Dawud Ibrahim, lærling i Sand barnehage Oda Sandvik Hoftun, sjukepleiarstudent og sommervikar ved sjukeheimen – Dei har mykje klokt å sei om korleis det er å vera ny i kommunen vår, og korleis me kan bli endå betre til å ta vare på sommarfolka våre! Me har også stil nokon sommarlette spørsmål til folk på kommunehuset: Turid, Anita, Nina og Svein Carlos deler både sommarplanar og tankar om arbeid og organisasjon. Her får du alt frå hengekøye og paraglidar til refleksjonar rundt arbeid med barnehage- og skulebruksplan!
Kven er ho, vår nye kommunedirektør? Etter berre éi veke i jobben deler Siri Halvorsen sine første inntrykk, kvifor ho vil vere tett på organisasjonen, og kvifor eit godt arbeidsmiljø og open dialog er viktigare enn nokon gong.
Elisabeth reiser med "eg reiser åleine-skilt" for å møte leirskuleheltane på Gullingen leirskule.
Ranking source
Apple Podcasts rankings via the Mato Topic Intelligence Platform.
Observed September 20, 2026.
Apple and Apple Podcasts are trademarks of Apple Inc., registered in the U.S. and other countries.
Pairs with
Bring this source into Mato to read its transferable patterns, then turn them into an original show for your own audience.