Podcast charts
Published by Helse Bergen
Ein podkast om urologi til kvardag og til fest. Dei glade urologane Anne og Øyvind preiker laust og fast om kordan urinvegane og det mannlege kjønnsorgan er bygd opp, og fungerar. Vi vil nøste litt i virvaret av informasjon, undre oss over desse spanande organa og formidle kunnskap på ein lettfattleg og kanskje litt humoristisk måte. Her vil vi ta opp det folk flest lurer på innan urologi og tilgrensande fagfelt. Vi skal óg snakke om fleire ting som vi i kvite frakkar undrer oss over, og fokuset blir mest på organa sin friske funksjon, sjudkom og plager sekundært. Denne podcasten passar eigentlig for alle som har utinvegar og/eller mannlege kjønnsorgan - og vil ha triveleg folkeopplysning. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
On the charts
Every published chart this podcast appears in, in the snapshot behind this page. Each one links to the chart it came off.
From the feed
The latest episodes published to this podcast’s own RSS feed. Titles and descriptions are the publisher’s.
Lurer du på korleis det er å gjennomgå ein stor operasjon for blærekreft? Eller kva for førebuingar kirurgane gjer før dei opererer? Og ikkje minst - korleis er det for pasienten å leggje livet sitt i hendene på legen? I denne episoden kan du bli med på operasjonsstova og sjukehusavdelinga og høyre korleis tidlegare ordførar Trude Harriet Drevland opplevde å gjennomgå ein stor operasjon for blærekreft. Urinveisredaksjonen har vore med Trude gjennom sjukehusopphaldet da ho fekk fjerna blæra. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
The Daily David - din daglige dose bekkenbunnstrening! Tren deg opp til ein stram og fin bekkenbotn sammen med Urinveisredaksjonen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Visste du at regelmessig trening av bekkenbotn kan førebygge urinlekkasje hos menn, og at ein sterk bekkenbotn kan gje deg eit betre sexliv? Trening av bekkenbotn er ei god (og billeg!) investering for alle aldrar og kjønn. Øyvind og Anne snakkar med to unge menn som er spesielt interesserte i denne forma for trening. Fysioterapeutane David Wroldsen og David Adolfsen har skrive bacheloroppgåve om trening av bekkenbotn i samband med operasjon for prostatakreft. Dei fortel alt om korleis du skal trena bekkenbotnen før og etter operasjon for prostatakreft, i tillegg til alle dei andre godene med eit friskt og trent underliv. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Vil du bli urolog eller lurer du på korleis det er å være i spesialisering i urologi? Er du kanskje pasient eller pårørende og lurer på korleis det er å bli operert av ein lege som er i spesialisering? Urinveisredaksjonen tar deg med på dagkirurgen med Overlege Mathias og LIS Aurora. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Treng du, eller nokon du kjenner behandling for prostatakreft? Kva innebærer det å få «radikal behandling»? Er det noko forskjel på strålebehandling og operasjon? Kva er bivirkningane av behandlinga? Kva om kreften har spreidd seg? Kva skjer då? Er det sant at dei fleste dør med og ikkje av prostatakreft? Vi får besøk av overlege Christian Moen ved Prostatasenteret. Han fortel oss om når og korleis prostatakreft blir behandla, men også om når det er best å la være å behandle. I denne episoden snakkar vi om samvalg. Meir info finner du her: Velg riktig behandling for prostatakreft uten spredning Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Korleis kan eg finne ut om eg har prostatakreft? Er det sant at det er livsfarlig å ta vevsprøver av prostata? Kva er PSA? Skal eg få sjekka prostataen, eller er det best å la være? Øyvind og Anne får besøk av fagansvarlig overlege på prostatasenteret - Alfred Honorè. Alfred fortel om korleis dei har endra metode for vevsprøvetaking frå prostata og kva konsekvensar (positive!) det har for pasienten. Skal du eller nokon du kjenner utgreiast for prostatakreft, eller lurer du på kva som skjer på prostatasenteret? Då er dette episoden for deg. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Har du, eller nokon du kjenner ein prostatakjertel? Har du også lurt litt på kva den der prostataen egentlig gjer, utanom å lage trøbbel i tisseriet og kreft? Kan ein også ha litt nytte og glede av sin prostata? Anne og Øyvind greier ut om prostataens livsviktige rolle og ikkje minst kvifor PH er så viktig for forplantninga… Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Lurer du på om det er best å stå eller å sitte å tisse? Har du nokon gong opplevd at vannlatingen går treigt? Har du eller nokon du kjenner dårlig kraft på strålen? Har du hørt om sjenert blære? Vil du vite meir om tranghet i urinrøret, forstørra prostata og andre ting som kan gi treg vannlating? Bli med Anne og Øyvind på leit etter årsaker til treghet i tisseriet! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Vil du blir uroterapeut? (Det vil vi at du skal bli.) Eller lurer du på kva ein uroterapeut jobbar med? Uroterapeut er ein spesialsjukepleiar som jobbar med urologiske pasienter. Anne og Øyvind tar ein prat med Jannike Mohn - sjølvaste grunnleggar av uroterapiutdanningen i Noreg - og tidligare rektor på Tisseskulen på Haukeland. Korleis uroterapiutdanninga vart til, korleis det var å drive tisseskule for born med urologiske utfordringar, i denne bonusepisoden får du høyre alt. Jannike brenner for både uroterapi, for utdanning og ikkje minst for pasientane sine, i dag vil ho dele det engasjementet med deg! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Lurer du på kva blæretrening er, og kven som har bruk for det? Har du ei blære som er blitt litt «skrullete» og enten vil tømme seg alt for ofte eller som aldri gir beskjed? Visste du at det finnes to måter å trene blæra? I dag snakker Øyvind og Anne med uroterapeut Jannike Mohn om korleis ein kan trene seg til gode vannlatingsvaner. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Er du óg ute etter den optimale «skincare»-rutinen til forhuden din? Plages du med trang forhud (fimose) eller infeksjoner? Lurer du på om det går an å få kreft i penis? Anne og Øyvind forteller deg om forhuden og om ting som kan skjule seg i den. Vi får besøk av Christian Arvei Moen aka Penismannen og Ida Marie Nordanger som begge forsker på peniskreft. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Kor vanlig er det egentlig å brekke penis? Kva skjer om ereksjonen aldri forsvinner? Kan du blø ihjel om strengen ryker? Korleis får ein på plass forhuden dersom den har slått seg vrang? Anne og Øyvind forteller deg om skumle ting som plutselig kan skje med penis. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Lurer du óg på kva som er opp og ned, for å ikkje å snakke om foran og bak på penis? Kva er det egentlig som skjer inni penis når det oppstår ereksjon? Og sist, men ikkje minst, kor stor er egentlig ein gjennomsnittspenis? Anne og Øyvind tar penispraten! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Synes du óg at pungen er litt rar, og lurer du på kvifor testiklane er plassert i denne skrukkete posen utenfor kroppen? Kvifor undersøkjer helsestasjonlegen alltid pungen til små gutar? Kva er det dei leiter etter? Vi urologar vil at alle som har ein pung skal gjera den berømte «ballesjekken» regelmessig - Anne og Øyvind tar deg med ned i pungen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Her har du introduksjonsepisoden til Urinveisredaksjonen. Alt du trenger å vite om blære, urinvegar, penis, potens, korleis det fungerer, og korleis det kan svikte. I kort - forklaringa på det underlege underlivet, med Øyvind Ulvik og Anne Bergesen Kvåle bak mikrofonane. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Kvifor har vi blære, korleis er ho bygd opp, og ikkje minst - korleis fungerer ho? Anne og Øyvind forklarar kva som skjer når vi tissar, og når vi ikkje tissar, og fortel korleis blæra veit når det er tømmetid, og når det er tørr-tid. Kor stor kan ei blære bli? Kva er normal blærekapasitet? Er det bra å ha ei såkalla "festblære" i enden av uringvegane, eller er det kanskje ikkje noko å skryte av likeve? Urinveisredaksjonen skal i denne episoden finne svar på spørsmåla gjennom urinvegane, men óg med utevering av eigne urinvaner. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Ranking source
Apple Podcasts rankings via the Mato Topic Intelligence Platform.
Observed September 20, 2026.
Apple and Apple Podcasts are trademarks of Apple Inc., registered in the U.S. and other countries.
Pairs with
Bring this source into Mato to read its transferable patterns, then turn them into an original show for your own audience.