Podcast charts
Published by Det Norske Teatret
Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk. Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by. Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål. Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål? I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn. Ny episode annankvar onsdag utover hausten. Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
On the charts
Every published chart this podcast appears in, in the snapshot behind this page. Each one links to the chart it came off.
From the feed
The latest episodes published to this podcast’s own RSS feed. Titles and descriptions are the publisher’s.
Regissør Maren Bjørseth har ei dragning mot store, monumentale forteljingar. I haust har ho premiere på Søstrene på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Framsyninga er basert på den nesten 700 sider lange romanen til Jonas Hassen Khemiri, om tre søstrer, ein forfattar, og ei historie som strekker seg frå 1980-åra og fram til i dag. 10 dagar før premieren står ho midt mellom god og dårleg tid. Det einaste det ikkje er tid til, er å få panikk. Maren Bjørseth er frå Stjørdal i Trøndelag. Før ho forstod det sjølv, var det klart at ho skulle bli regissør. Utdanninga tok ho i Nederland. Da måtte ho lære seg eit nytt språk, og merka korleis personlegdommen endra seg på det framande språket. Den ordrike trønderen var plutseleg stille. Dessutan var humoren umogleg å omsetje. Ho innsåg at språk er ein nøkkel. I dag er ho ein merittert teaterregissør med framsyningar som Prima Facie , Lehmanntrilogien , Blodråpetall, Mi briljante venninne og Romeo og Julie . Årets sommar har Bjørseth brukt på å ha regi på «alle spels mor»: Spelet om Heilag Olav. Der skulle ho halde styr på 150 medverkande, profesjonelle og amatørar, hestar og eit lokalmiljø med eit spesielt nært og kjært forhold til historia om slaget på Stiklestad i 1030. Heldigvis trivst Maren Bjørseth godt i det store formatet. Ho har erfart at kunsten å ete ein elefant er å ta ein bit av gongen. Og at den trønderske haldninga til vêret – etter ein ekstremt blaut sommar – er: «det var da ikkje så verst?» Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
I denne episoden av Språkoppdraget får du ein meisterklasse i tekst og undertekst av skodespelar og regissør Terje Strømdahl. Han har jobba med teater, film og TV i ei årrekke, vunne både Heddaprisen og Kritikarprisen, og blitt omtala som eit nasjonalt ikon. Men han er ikkje glad i skryt og komplimentar. Det han derimot likar, er å vere subtilt bitchy på Facebook. Strømdahl vaks opp på Grünerløkka – eller Grønnerløkka – i Oslo, i ei tid da det var synonymt med rein arbeidarklasse, fyllikar som sov under buskene i Birkelunden, hyl og skrik, og omsorg for kvarandre. Han har eit sterkt forhold til eiga sosiolekt, med a-endingar og tjukk l. For mange som vaks opp på 80-talet, er Terje kjensla av ukomplisert barndom. Med Portveien 2, Sorte Maske frå Midt i Smørøyet, og den franske kokken Jean-Claude frå Laurdagsunderhaldninga på NRK. På tidleg 90-tal stod Terje Strømdahl fram som homofil, og brukte kjendisstatusen sin til å gjere det enklare for andre som kom etter. I haust skal han tolke Alf Prøysen, saman med Knut Anders Sørum og Frida Ånnevik, i konsertframsyninga Prosjekt Prøysen på Det Norske Teatret. Når han syng «Trassvisa hennes Tora», handlar det ikkje berre om tapt kjærleik, men også forbode kjærleik. Kanskje var det akkurat sånn Prøysen hadde tenkt det? I denne episoden går vi djupt inn i språkets filosofi. Er all tekst løgn? Når Terje Strømdahl deklamerer «Ja, vi elsker», «Å vere eller ikkje vere» og «Mikkel rev», blir språkets uendelege djupn tydeleg for alle. Terje Strømdahl har pilotsertifikat, sitt eige småfly og favorittordet er «Lufthavn». Men om nokon spør om han har ‘fløyet’, er svaret nei. Terje Strømdahl har ‘flydd’. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Om du har vore på Det Norske Teatret dei siste 50 åra, er sjansen veldig stor for at du har opplevd skodespelar Marianne Krogh på scenen. 19 år gammal starta ho på teaterets elevskole. No er ho 70 år og har ingen planar om å gi seg med det første. Ho har gått frå å vere den yngste i ensemblet til å bli den eldste. I Språkoppdraget snakkar ho om korleis teateret har utvikla seg på desse åra. At Marianne Krogh eigentleg er frå Bergen, kan du ikkje høyre. Dialekta måtte ho legge frå seg da ho starta på nynorskteateret. Det var hard jobbing og lange turar i skogen. I dag er språkidealet annleis. Likevel har ho halde på austnorsken. Men av og til snik det bergenske gemytt seg fram. For eksempel når ho tenker at Henrik Ibsen er ein speidar. I Språkoppdraget snakkar ho om nervane som alltid kjem før ho skal på scenen, om kvifor ML-rørsla frårådde ho å bli skodespelar, og om den gongen Se&Hør ville ta bilde av henne naken på scenen. Tre gonger har ho vore nominert til Heddaprisen for beste medspelar, og i podkasten fortel ho om kva som gjer eit ensemble godt. Marianne Krogh har ikkje ei draumerolle, men kunne godt tenkt seg å spele mann. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Det Norske Teatret har alt å takke Hulda Garborg for. Faktisk hadde ho ein finger med i det meste vi i dag tenker på som rotnorsk, sånn som bunaden, folkedansen, norsk tradisjonskost og sjølvsagt nynorsk. I denne spesialepisoden av Språkoppdraget har vi invitert den fremste eksperten på Hulda Garborg, nemleg Arnhild Skre. Ho er historikar, journalist og biograf. I 2011 gav ho ut den store biografien om Hulda Garborg, som ho fekk Brageprisen for. Hulda Garborg var eit imponerande driftig menneske. Ho var ein pioner i landsmåldramatikken, gav ut den første kokeboka på landsmål og var eit idol for landsmålungdommen. Likevel blei ho ikkje rekna med i arbeidet med den norske språket. Mannen hennar, Arne, meinte grunnen var at ho blei rekna som «bymenneske» og derfor ikkje snakka «norsk» nok. Men Hulda sjølv hadde nokre kontroversielle meiningar om bruksområdet for landsmålet. I si tid fekk ho kanskje ikkje den merksemda ho fortente. Men arven etter henne ser vi overalt i dag. Hulda Garborg var heilt sentral i norskdomsbygginga som skjedde i Noreg på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Ho blir kalla bunadens mor, og ville nok elska det mangfaldet av bunader vi ser på 17. mai i vår tid, spesielt dei som er sjølvsydde. Ho var ein allsidig forfattar, kulturentreprenør og folkeopplysar. Ho var ei eldsjel og ein pioner i ei lang rekke saker. Der enkelte sat og diskuterte grammatikk, ville Hulda Garborg vise kor allsidig landsmålet og den norske kulturen var. Det gjorde ein best gjennom teateret. Dermed starta ho Det Norske Spellaget, som seinare blei til Det Norske Teatret. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Kva har trippel tålupp og touchmetoden til felles? Begge krev presisjon i lufta og total kontroll i landinga. Det ser leikande lett ut når ein kan det, og smertefullt ut når det går skeis. Men først og fremst har dei dagens gjest i Språkoppdraget til felles! Fredrik Island Gustavsen jobbar til vanleg i NRK med direkteteksting, men under Vinter-OL er han kommentator i kunstløp. I denne episoden snakkar vi om språk i høg fart – og om kunsten å lande både hopp og setningar stødig. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Kva har nakenbading i vaffelrøre, synestesi og Tverlandet til felles? Marie Blokhus, sjølvsagt. I meir enn 15 år har ho spelt roller på Det Norske Teatret, i alt frå Hamlet og antikkens tragediar, til Fugøetribunalet og barnelege i livskrise i Lars Noréns siste stykke Kommunion . Ho har kjempa seg ut av «flink pike»-stempelet, og vunne Heddaprisen. I denne episoden av Språkoppdraget fortel Marie om si aller første rolle, som fekk henne til å velje teateret, om korleis ho brukar eigne erfaringar i arbeidet med nye karakterar, og kvifor det faktisk var heilt riktig å bade rundt i vaffelrøre i Unge Werthers lidingar . Vi snakkar om nordlendingar og banning (myte eller fakta?), om å pugge manus i ring på stovegolvet, og om at ho i haust skal ha regi på sin aller første musikal! Marie blir framleis kjent igjen som kona til Vidar Magnussen frå NRK-serien Side om side . Vi snakkar om kinopremiere og raud løpar, kulturpolitikk, den tapte tenåringsromanen ingen får lese, og coverlåtar på nynorsk med bandet The Young Suffering Ensembla. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Julestrømpe med Herborg Kråkevik, Kjersti Horn og ein ulovleg salme Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Dagens gjest er minst like glad i språk som oss i Språkoppdraget. Ragnhild Holmås skriv bøker om etymologi for både barn og vaksne. Sidan det snart er jul, får vi i denne episoden artige innblikk i julespråkets etymologi. Har bakverket vi et på Lucia-dagen noko med katter å gjere? Sit den fattige jomfrua i eit lønnetre? Er englane i vedskjulet? Og når nettene blir lange, kva gjer eigentleg dei skottande rottene? I denne episoden får du vite kva ‘puppar’ og Manchester United har til felles, kor namnet avokado kjem frå, og kva opphavet til det universelle «OK» er. Ragnhild Holmås er Noregs første kvinnelege Donald-forfattar, og har skrive fleire historier for Donald Duck & Co som er omsett til fleire språk. Ho har ein personleg vendetta mot svada og stivbeint språk, men er ikkje glad i streng peikefinger og raudpenna. Holmås er Språkoppdragets første gjest med ein Riksmålspris. Heldigvis er ho også medlem i Noregs mållag. Velkommen til ein episode der hugskotta kjem på rekke og rad og språkentusiasmen sit laust! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Dagens gjest har stått på scenen heile livet. Frå den tidlege starten med barnekor og teaterleik, har karrieren gått slag i slag for Natalie Bjerke Roland. Ho har spelt store musikalroller, vore å sjå i TV-seriar som «Rådebank» og «Nissene i bingen», og på film i den politiske satiren «Ingen kommentar». På Det Norske Teatret står ho for tida på alle tre scenane og speler for utselde hus kveld etter kveld. I den afrofuturistiske framsyninga Sukker på Scene 2, i juleframsyninga Magic Mouse vs. Captitalism på Scene 3, og i Eurovision-musikalen Europavisjonar på Hovudscenen. I sistnemnde briljerer ho som den amerikanske presidenten Donald Trump. Roland, som sjølv er halvt amerikansk, trudde først det stod feil på rollelista. Da ho forstod at det var riktig, brukte ho timesvis på YouTube for å finne sin indre Donald, både i røyst, kropp og ikkje minst dans. I Språkoppdraget fortel ho om korleis det er å bli bua på av publikum, som ho har blitt i Europavisjonar . Ho har også opplevd å få Trump-parodi i retur frå salen. Til våren skal ho spele ei anna rolle absolutt alle har eit forhold til, nemleg hovudrolla som verdas sterkaste jente i musikalen Pippi på Sirkus . Dessutan skal ho spele Gudrun i «alle spels mor», Slaget på Stiklestad til sommaren. 2026 byr altså på to ting Natalie Bjerke Roland aldri har gjort før – så det klarar ho sikkert, med elskhug! God lytt! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Mange omsetjarar på like mange ulike språk bidreg til å bringe Jon Fosse sin dramatikk og prosa ut i verda. Og med det også eit stykke norsk kultur. Men det er ikkje alt som er like enkelt å få over til lesarar på andre språk. Vi inviterte den italienske omsetjaren til Fosse, Margherita Podesta Heir til Språkoppdraget for å lære meir om korleis ho jobbar. Den dedikerte og erfarne omsetjaren fortel om korleis ho har presentert særnorske fenomen som kveldsmat og brødskive, og meir fosseske fenomen som strilepolet og Jattgeir for italienske lesarar, korleis ho omset dialogar som består berre av pausar og tre ulike måtar å seie ja på, og ho lærer oss om dei grammatiske forskjellane mellom norsk og italiensk som får ho til å rive seg i håret innimellom. Margherita omset også ei rekke andre forfattarar til italiensk, mellom anna romanane til Karl-Ove Knausgård, og vi snakkar litt om kva som er likt og ulikt mellom dei ulike forfattarskapa, og om det er forskjell på å omsetje frå nynorsk og bokmål. Vi tar også ein tur innom Lyngseidet i Troms, der 17 år gamle Margherita hamna heilt tilfeldig som utvekslingsstudent, og der ho lærte seg norsk språk, norsk kystkultur og taus norsk kaffidrikking. Slett ikkje dumt å kunne når du skal omsetje Jon Fosse. Og etter å ha høyrt denne episoden av Språkoppdraget tenker du deg garantert om to gonger før du seier ciao i ein butikk på neste ferie til Italia. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
I dagens redaksjonsmøte får vi besøk av kollega, dramaturg og Fossefestival-general Siri Løkholm Ramberg. DIFF står for døra, og Siri tek oss gjennom programmet og alt vi kan gle oss til i årets festival! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Sesongens første gjest i Språkoppdraget er kjent frå sjølvaste NRK, der ho har losa oss gjennom sportssendingar, debattar og Dagsrevyen dei siste åra, nemleg Ingerid Stenvold. I denne episoden gir ho oss ei grundig innføring i dialekta si frå Indre Troms, og vi rippar opp i den store språkstriden som vart utløyst då Ingerid var den første som fekk bruke dialekt på Dagsrevyen for 15 år sidan. Det vart hevda at dette ville skape stor irritasjon i befolkninga, og no får vi endeleg svaret: Kor irriterte vart vi? I Språkoppdraget fortel Ingerid om sitt nære forhold til Ivar Aasen si ordbok frå 1873 med gotisk skrift, ho står fram som rettskrivingspedant og ho forklarar kvifor hull er lov å seie i sportssendingar på TV, men ikkje høl. Og så skal vi sjølvsagt snakke om stortingsvalet, der Ingerid tar oss med bak kulissane på direktesendt partileiardebatt og valnattsending. Vi snakkar om politikarspråk og programleiarspråk, om kva som er lov og ikkje lov å seie på tv, om gode og dårlege spørsmål, og vi skal ein gong for alle avlive myten om at programleiaren i Dagsrevyen berre les opp nyheitene. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Ny sesong av Språkoppdraget, og no i ny drakt! Vi oppsummerer sommaren, kva som skjer på teateret i desse dagar og vi avslører neste gjest. Spørsmål og tips kan sendast til sprakoppdraget@detnorsketeatret.no eller på sprakoppdraget på IG! God lytt! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Frida Ånnevik har komme over frykta for å gå tom for idear, og har minst fem låtar i hovudet som berre skal ut. Den allsidige musikaren og tekstforfattaren har gitt ut seks album og har peishylla full av Spelemannsprisar. Ho jobbar i eit vidstrekt musikalsk landskap med coverlåtar, samarbeid og heilt eigne prosjekt. For tida kan du oppleve hennar gjendikting av musikalen Once som speler på Det Norske Teatret. Der fekk ho skrive tekstlinjer som «Ein lekk og hjartebroten sugen, trugen støvsugar.» Men også gjendikte den Oscar-vinnande låta «Falling Slowly», som i versjonen til Ånnevik blei «Styrte sakte». Dessutan får vi lære om fenomenet «bluesadvokat». I denne episoden av Språkoppdraget snakkar vi om skilnaden på google translate og gjendikting, om korleis Spice Girls og Janis Ian høyrest ut på norsk, og kvifor Beyoncé ligg i skrivebordsskuffa til Ånnevik enn så lenge. Vi får høyre om korleis Ånnevik arbeider fram tekstar og musikk, og ho kjem med gode råd til andre som vi vere skapande. For om du drøymer om å bli ein «one hit wonder», er det gode sjansar for at det kan skje. Frida Ånnevik trur nemleg at alle folk har ein låt i seg. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Det er høgsesong for paljettar, vindmaskin og modulasjonar, og Språkoppdraget nyttar høvet til å invitere til ein Eurovision Song Contest-spesial. 17. mai er det finale i Basel, og i studio har vi har fått med oss to av Noregs største ESC-fans, Simen Formoe Hay og Johan Hveem Maurud. Dei står bak suksessframsyninga Europavisjonar som speler for fulle hus på Det Norske Teatret. Kven skulle trudd at årets teatersnakkis skulle vere Boris Jeltsin i sølvhotpants og Erdoğan som sexy magedansar? Det er berre å konstatere at ein ellevill ide har blitt ein ellevill suksess, og i denne episoden snakkar Simen og Johan om prosessen med å lage Europavisjonar . Dei fortel om korleis det var å sjå at nyheitsbildet tangerte fiksjonen timar før premieren, og korleis dei har klart å få eit danna teaterpublikum til å ikle seg paljettar og heie på syngande og dansande politikarar. I denne episoden av Språkoppdraget dykkar vi djupt ned i fankulturen til Eurovision Song Contest. Kva er den optimale ESC-finalen? Korleis er det mogleg å elske ‘Mello’ men hate Sverige? Kva plass har språket i Eurovision? Kvifor drøymer Simen om ein ESC-finale i Holmenkollen? Kva er Noregs sjansar i årets konkurranse og kven får ‘douze points’ frå Simen og Johan? Med to språkglade gjester i studio, blir det både gloser på islandsk, hylling av morsmål og kjærleik til nynorsk. Velkommen til Språkoppdraget – Eurovision-spesial! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Ein ny episode av Språkoppdraget er her, og denne gongen er det regissør Peer Perez Øian som er gjest. Han er halvt amerikansk, er utdanna både skodespelar og regissør og har ei mørk fortida som nynorskmotstandar i Bærum. Dei siste åra har han vore husregissør på Det Norske Teatret og sett opp ei rekke framsyningar her. I denne episoden skal det handle mest om prosessar: Om framsyninga Prosessen mot menneska, om prosessen med å lage ei teaterframsyning og om språkprosessar både i og utanfor teateret. Dei siste månadane har Peer laga ei framsyning ved hjelp av kunstig intelligens, og vi snakkar om korleis det er å regissere ein KI, kva språklege utfordringar han har møtt på i prosessen og kva Peer tenker om kunstig intelligens etter å ha blitt betre kjent med fenomenet. Er han hekta eller redd, føler han seg trua eller oppløfta? Og kva trur han KI kan gjere med språket vårt, og særleg med nynorsk? Den naturlege intelligensen vår får mykje å bryne seg på i denne episoden. Peer tar også lyttarane med inn i prosessen med å lage ei teaterframsyning. Til hausten skal han sette opp si første barneframsyning nemleg Den uendelege historia av Michael Ende på Hovudscenen på Det Norske Teatret, der den menneskelege fantasien står i fokus. Han fortel om korleis han førebur seg til ei framsyning, om korleis han jobbar med teksten, språket og skodespelarane, om kva som er det kritiske punktet i prøveperioden og når det lonar. Vi snakkar også om forskjellen på nyskriven dramatikk og klassikarar, om korleis manglande kompetanse på amerikanske dialektar stakk kjeppar i hjula for skodespelarkarrieren til Peer i USA, og om kvifor han meiner nynorsken er ein styrke for han som regissør i dag. Ein fin episode for deg som har vitehug! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Årets første gjest i Språkoppdraget kjem frå Finland, men lærte seg finsk først i vaksen alder. Skodespelar, dansar, koreograf, regissør og teatersjef Jacob Höglund er fødd og oppvaksen i Österbotten i Finland, der finlandssvensk er det dominerande språket. Om lag 300 000 finnar har finlandssvensk som morsmål, og i Språkoppdraget fortel Jacob om korleis det er å vekse opp i Finland utan å snakke finsk, om kvifor han takka nei til å gå i finsk barnehage då han var 5, og korleis teateret fekk han til å bli tospråkleg. Vi lærer meir om den finske språksituasjonen, om forskjellar på finlandssvensk og svensk, og får ein smakebit av finsk grammatikk. Jacob, som til dagleg er teatersjef på Lilla Teatern, Helsingfors Statsteaters svenskspråklege scene, har ikkje reist eins ærend til Oslo for å vere med i Språkoppdraget. Han er på Det Norske Teatret for å regissere musikalen Once på Scene 2, som har premiere 1. februar. Vi kjenner litt på premierenervane til regissøren, og snakkar også om forskjellane på å sette opp Once på finlandssvensk, finsk og nynorsk. Jacob har nemleg gjort Once på alle desse språka. Vi ser på forskjellar i gjendiktingane av musikalen, som opphavleg er skriven på engelsk, snakkar om likskapane mellom finlandssvensk og nynorsk, og om kva to teater med eit særskilt språkoppdrag har til felles. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Dei rolege juledagane er endeleg her, og kva er vel betre enn å lytte til Språkoppdragets julespesial mens du et noko søtt før frukost? Vi har fylt opp ein liten julestrømpe med juleknask av aller beste sort. Vi snakkar om den jula Ivar Aasen snødde inne i Ørsta og den nyårsaftanen han gjekk seg vill på Oslo Vest, om kvifor Hulda Garborg grudde seg til jul og om kva Arne Garborg hadde imot juletre. Lurer du på kva Hulda Garborg gav Arne i gåve tre år på rad, korleis den første julefeiringa deira i lag var, eller kva slags juleting Ivar Aasen samla på? Vennane våre i Aasentunet i Ørsta og på Garborgsenteret på Bryne fortel oss om korleis desse tre nynorskheltane feira jul. Vi tar også eit dykk i arkivet, eit dykk i godteskåla med julekaramellar i studio, og vi mimrar om året som har gått og hentar fram klipp frå tidlegare julesendingar. Språkoppdraget er din beredskapsvenn i jula. Her skal ingen vere julelaus. God jul! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Dei årlege julehefta er eit viktig element i julefeiringa for mange. Juleheftet har ein lang tradisjon i Noreg, med røter tilbake til 1800-talet. Det første teikneseriejuleheftet, med det amerikanske søskenparet Knoll og Tott , kom i 1914. Men vi har også fire nynorske hefte som har vore med oss, meir eller mindre årleg, sidan 1940-åra. I denne episoden av Språkoppdraget snakkar vi med Nana Rise-Lynum frå Norsk barneblad og Kjartan Helleve frå Fonna Forlag, som gir ut nokre av dei aller eldste teikneseriehefta vi har i Noreg: Smørbukk (1941), Tuss og troll (1945), Vangsgutane (1941) og Ingeniør Knut Berg (1945). Dei to forvaltar ein sentral del av norsk juletradisjon og kulturarv, og det som har vore ein sentral reiskap i målkampen og ei viktig inntektskjelde. Men kan norske folkeeventyr vere for dryge for vår tid? Kan Smørbukk vere på Facebook? Kan mora til Vangsgutane gifte seg med Sterk-Ola? Alt dette kjem vi inn på i denne episoden. Vi lurer også på kor i Noreg folk les mest julehefte og korleis framtida ser ut for denne tradisjonen. Og når ein arbeider med julehefte heile året – les ein da julehefte til jul? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
I denne episoden av Språkoppdraget har vi fått ein ny skodespelarkollega frå Det Norske Teatret i studio. Gina Bernhoft Gørvell kom rett til Det Norske Teatret frå skodespelarutdanninga på KhiO for fem år sidan. Sidan har ho spelt ei rekke ulike roller på alle scenane våre. No før jul er ho aktuell i to roller, Hedvig i Snøsøstera, og den nesten ordlause rolla skuggesøstera i Jente, 1983. Korleis er det å spele ei framsyning 100 gonger og kva gjer kvar framsyning spesiell? Kva er forskjellen på ei rolle med mykje tekst og ei rolle utan tekst, og kvifor synest Gina det er viktig å spele teater for barn? Vi snakkar sjølvsagt også om nynorsk, om dei vestlandske røtene og kven Gina trur ho ville vore om ho vaks opp på Vestlandet. Kva var det som gjorde at Gina melde seg inn i Norsk Målungdom da ho gjekk på Oslo katedralskole, kva gjer at ein tekst festar seg og kvifor nokre tekstar er vanskeleg å lære seg, og kva var det som skjedde den gongen ho skjønte at ho skulle drive med teater? Denne hausten svingar Gina også samuraisverdet og snakkar flytande japansk på TV. Eller gjer ho eigentleg det? Ho tar oss med inn i universet til gamaren Ida, hovudrolla som ho speler i NRK-serien Dates in real life, og fortel om korleis ho førebudde seg til rolla. Vi snakkar om forskjellane mellom TV og teater, og om korleis det er å spele ein ekte person. Neste år kjem nemleg serien Harald og Sonja, der Gina speler sjølvaste Sonja Haraldsen, i dag meir kjent som dronning Sonja. Det kan også hende du får eit glimt av både Jon Fosse og Olav H. Hauge i denne episoden og ei avsløring om den aller første rolla Gina hadde på TV. Stikkord: JUL! Høyr meir om det i Språkoppdraget. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Ranking source
Apple Podcasts rankings via the Mato Topic Intelligence Platform.
Observed September 20, 2026.
Apple and Apple Podcasts are trademarks of Apple Inc., registered in the U.S. and other countries.
Pairs with
Bring this source into Mato to read its transferable patterns, then turn them into an original show for your own audience.